«Hellig Olav blev sædekornet som ble valgt til å legges i Norges jord, fordi det passet til jordsmonnet og været her.” Dette er Sigrid Undsets ord om olsok.

Forteljinga om Heilag-Olav må vi lese ihop med evangeliet om Jesu liv. Stiklestad er eit Golgata, krossmerket sin stad. Her er det taparen som vinn. Den som gir livet sitt, vinn det. Olav ber øksa som teikn på døden han døydde. Øksa og krossen er alltid nederlaget sine symbol. Vi har ein krossfest Herre. Og ein Noregs evige konge som vann fram ved å døy for sin Herre.
Slik tolka også folket kong Olavs liv etter hans død, og ein helgenkult voks fram kring martyrkongen. Livet hans vart tolka i lys av døden og dermed også i lys av evangeliet om Jesu død. Han vart eit vitnemål om Kvite-Krist, den krossfeste.
Helgenar er menneske av ulike slag, ulike raser, ulike utdanningsnivå og mentalitetar. Dei avspeglar at den himmelske nåden ikkje kan romast i ei type personlegdom. Helgenar er menneske av kjøt og blod, ikkje voksdokker, men gjort levande ved Guds nåde. Dei har teke krossen sin opp og blitt etterfylgjarar, tvetta i Lammets blod, forma av Heilaganden. Livet deira er blitt eit Kristi brev, ord frå Gud som talar til oss på språk vi forstår. Det var også Sigrid Undsets anliggande.
Desse berarane av bodskapen om etterfylgjing av den krossfeste, er også våre førebilete. ’Etterfylgjar’ er eit av dei tydelegaste og sterkaste namn for kristne menneske. Heilt sidan Jesus fekk dei fyrste fiskarane og tollarane til å bryte opp, har det vore slik. Somme er blitt førebilete i etterfylgjing. Dei kallast helgenar.
Den 29. juli feirar vi ein av dei.
fr Ottar Mikael Myrseth
0 kommentarer