Kyrkjelydane på Vestlandet inviterer til stemnehelg i Innvik. Dette initiativet vil vekkje til live att ein gamal tradisjon frå fråire tiår attende med kyrkjestemne ved tidlegare Misjonsheimen. Misjonsheimen, no Innvik Fjordhotell, vert igjen møtestaden, og i tillegg tek vi spaserturen opp til den vakre Innvik kyrkje til tidebøner og messefeiring.

Tema for stemnet er henta frå den kjende preste-munken Thomas a Kempis som levde i Nederland på 1400-talet og står bak boka “Imitatio Christi” (Kristi etterfylgjing), ein verdsklassikar.
Kyrkjestemnet i Innvik vil samle kyrkjefolk frå heile Selja prosti, frå Bergen til Trondheim, men invitasjonen går også til dei som vil ta turen over Jotunheimen for å få ei helg i fagre Nordfjord i epleblomstringa. Velkomen frå aust og vest.
Sjå det vedlagde programmet for påmelding og program: Innvikstemne 2021
0 kommentarer