Sidan eit kyrkjemøte i Nikea har dei kristne kalla Maria ’gudføderske’. Hennar foreldre var Joakim og Anna som lenge var barnlause, men gamal tradisjon fortel at ein Herrens engel bar bod til dei om at dei skulle få ei dotter utvald til ei spesiell oppgåve.
Maria vert lovsungen av englar og menneske: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er det barnet du ber, Jesus.» Marias fødsel markerer eit vendepunkt i frelseshistoria. No varslar Gud at lovnadar i den gamle pakt skal oppfyllast. Slaveriet under synda og døden skal ta slutt, ein ny konge er på veg med sanning, rettferd, audmjukskap og evig liv. Når gudføderska er fødd, er nådetida inne.
Kyrkja har fleire festar gjennom året som markerer viktige hendingar i Marias liv. Størst og viktigast er desse:
8. desember markerer hennar utkåring, at ho vart utvald av Gud til si store livoppgåve.
8. september feirar vi Marias fødsel.
21. november feirar vi Marias tempelgong, at foreldra hennar presenterte henne som tre-åring i templet
og overgav henne til Herren.
25. mars er Marimesse til feiring av at engelen Gabriel bar bod til henne om at ho skulle bli mor til
Frelsaren.
2. juli at Maria gjestar slektningen Elisabeth som då var seks månader på veg med han som skulle bli
Johannes Døyparen. Dei to fostera kjende att kvarandre (Luk 1,41).
2. februar er Kyndelsmess, festen for då Maria og Josef presenterte Jesusbarnet i templet og vart møtt av
Simeon og Anna.
15. august er til feiring av hennar innsomning, at ho etter sin død vart teken imot av Sonen og gitt plass ved hans side i himmelen.

Kristne kyrkjer har til alle tider velsigna Maria som Guds mor og alltid jomfru. Den romersk-katolske kyrkja har seinare formulert dogmet om at Maria er unnfanga utan arvesynd. Dette vert ikkje anerkjent av korkje dei ortodokse eller gamal-katolske kyrkjene.
0 kommentarer