
Rett sør for Stad ligg øya Selja. Kvart år, rundt den 8. juli, samlast ulike kyrkjesamfunn på den såkalla Seljumannamessa. Folk frå fjern og nær kjenner seg lokka ut til denne gåtefulle plassen der ruinane av Selje kloster enno ligg under bratte berg, krinsa av grønt gras og det bårute havet som aldri fell til ro. Dei som har vitja denne heilage staden kjem gjerne attende.
Her kan dei minnast og kome nær legenda om den modige kongsdottera Sunniva frå Irland som stranda på denne øya ein gong rundt år 960. Tre båtar på det ope havet dreiv nord og aust mot Noregs værbitne kyst. Den eine båten stranda på Kinn, dei to hine med Sunniva og fylgjet hennar kom til Selja. Ho hadde flykta frå ein råbarka hovding i Irland som ville ekte henne, men ho ville ikkje gifte seg med ein heidning. Ho og fylgjet hennar sette til havs i opne båtar, utan segl og utan årer. Dei gav seg havet og Gud i vald. På Selja fann dei ly i nokre bergholer og levde av fiske.
Etter ei tid vart bøndene på fastlandet i Selje mistenksame, mon tru om ikkje Seljumennene forsynte seg av sauene deira? Håkon jarl rådde i Noreg då og han var ikkje nådig. Då Sunniva og Seljumennene såg hærmennene stevne ut fjorden, forsto dei kva fare dei var i. Dei gøymde seg i ei hole og bønnfallt Gud om at englane måtte late hola rase saman over deg. Så skjedde og Håkon jarl sine hærmenn måtte reise derifrå med uforetta sak.

Tretti vintrar gjekk, og Olav Tryggvason sat i Trondheim. Nokre kjøpmenn fortalde om eit merkjeleg ljos over Selja der dei fòr forbi; dei vart nyfikne på kva no dette kunne vere. Dei gjekk i land og fann ei hole og eit mannehovud i ei røys. Det anga godt. Dei tok det med seg, og kong Olav vart ikkje mindre nyfiken, han for ned til Selja for å undersøkje saka. Dei fann hola og mannebein. Under nokre steinblokker fann dei kongsdottera. Sunniva var like heil og uskadd, det var som ho berre sov og ho anga godt. Ho vart eklært som helgen på staden.
Seinare bygde Olav Tryggvason ei kyrkje på øya. Fyrst låg leivningane av den heilage Sunniva på høgaltaret i kyrkja på Selja; seinare vart ho flytta til Kristkyrkja i Bergen i 1170.

I over tusen år har folk valfarta til øya. I mellomaldaren var det kloster her, eit åndeleg kraftsenter som har prega folket og religiøsiteten langt ut over nordvestlandet sine grenser. Hit valfartar vi enno med ulike motiv. Nostalgi, kyrkjehistorie, det mektige havet eller kanskje å få vere på ein «thin place»? For mang ein truande er det heilag grunn. Vi går mellom tuftene og undrar oss, ser ut over det endelause havet, veit vi er små og forstår at vi og berre kan overgje oss til Han som er den same på alle plassar til alle tider.
I 1068 vart det fyrste vest-norske bispedømet oppretta her av Olav Kyrre. I 2018 var dronning Sonja tilstades for å feire 950-årsjubileet for Selja bispesete på økumenisk grunn.

St. Olav misjon, Ålesund
0 kommentarer