Consummatum est

Consummatum est

Jesu siste ord på krossen vert gjerne omsett til norsk med «det er fullført». Den latinske varianten, «consummatum est», taler tydeleg om kva som har hendt.

Moselova seier at «forbanna er kvar den som heng på eit tre». Men i Jesu tilfelle var krossefestinga  ein siger. Her vert Jesus herleggjord, skriv apostelen Johannes. Han herleggjer Faderen når han her fullfører sin misjon.

Consummatum est! Alt er ’konsumert’. Alt er oppslukt. Alt det vonde, alt det bitre, all skuld, all skam, alt hat, all liding.

Dette vert sagt slik i brevet til Hebrearane: ”Då han hadde nådd fullendinga, vart han ei kjelde til evig frelse for alle som lyder han.”  (Hebr 5,9).

Slik er det at ‘påskemorgen kan slukke sorgen’. Slik kan påske gjere alle ting nye. Frå denne dagen av er både naturen, menneska, jorderiket og dødsriket, forvandla. Englane gleder seg, himlen opnar seg. Det handlar om Redningsmannen som er oppstanden, som har konsumert alt som kan halde dei tilbake som fylger han.

+ Ottar Mikael

error

Önskar du att fler får läsa detta?